På oppfordring legg eg ut litt info om meskesystemet eg brukar.
Det består av:
-10 gallon (rommar omtrent 40L) Igloo beverage cooler med silbotn og 1/2" kuleventil for avtapping. Sila ligg heilt i botnen og er litt parabolisk slik at den kun ligg nedpå i omkretsen, men ikkje ellers.
-Pumpe av typen IWAKI MD20. Kunne like gjerne ha vore feks. March 809.
-Varmevekslar laga av ein 2L ståltermos frå Nille eller Europris, med eit 2KW varmeelement frå ein slakta vatnkokar, og ein 4,5m lang spiral av 8mm koparrøyr frå Biltema.
Termosen blir fylt med vatn til heile spiralen er dekka (det betyr heilt full). På røyrendane som stikk opp gjennom eit hol i loket er det satt på overgangar slik at eg kan bruke QD'ar frå MoreBeer. På utløpet har eg satt på ein T slik at eg har eit løp til montering av ei temperaturprobe av typen PT-100. Den er 10 cm lang og stikk gjennom heile T'en for god termisk kontakt med vørteren.
Koblingsboksen nederst på sida av termosen dekkar tilkoblingane til varmeelementet, og husar samtidig SSR'en som switchar nettspenninga til elementet. Eg har laga eit adapter av aluminium mellom koblingsboksen og veggen i termosen.
I tillegg har eg satt i ein brytar i loket på koblingsboksen slik at eg kan isolere frå elementet om det skulle vere nødvendig.
-Ein PID-temperaturregulator som leser temperatursensoren som står i T'en og møler temperaturen på vørterstraumen ut frå varmevekslaren. Den slår av og på SSR'en inne i koblingsboksen på termosen, som igjen gir straum til varmeelementet.
PID'en er montert i eit plastkabinett som også husar termostat til HLT, og ein del anna som ikkje er i drift endå som timerar for påslag av vannvarming og liknande.
Det heile er kobla saman av 1/2" silikonslangar og rustfrie QD'ar frå MoreBeer.
Det var ein utfordring å få vannkokarelementet på plass i termosen. Måtte klemme det litt saman, samt tvinge opningen i termosen litt oval for å få det til. Og så lirke det på plass i holet eg hadde laga på førehand. Termosen er dobbeltvegga og originalt er den vakuumert. Så eg laga først eit litt for stort hol i ytterveggen, så eit passe stort hil til elementet i innerveggen. Så gjorde eg mitt beste for å få anleggsflata så flat som mogelege for at det skulle bli tett. Det gjekk greit med hjelp av litt Tec-7, og har holdt i rundt 15 brygg til no.
Adapteret i aluminium har eg dreia så det passar akkurat gjennom holet i ytterveggen, og klemmer mot innerveggen for å klemme denne flat mot varmeelementet når dei tre skruene blir stramma til.
Koparspiralen er også såpass trang at den måtte skruast ned i opningen i termosen.
SSR'en som ligg inne i koblingsboksen er montert på ei lita aluminiumsplate for varmeledning. Den har også ein LED som lyser gjennom den kvite plastiken i loket til koblingsboksen.
Eg har ingen strupeventil for regulering av flow, då det har vist seg at koparspiralen gir akkurat passe motstand. Har aldri målt flowen men tippar at den er omtrent 2-3 lpm.