Helge T skrev:
Kan det ikke hjelpe på å bruke en meskepose inni meskekaret?
Jau, den tanken har slått meg, men eg har ikkje forsøkt dette enno. Må vel innrømme at noko av utfordringa mi er at eg eigentleg ikkje er så glad i så mykje prøving og feiling. Nokre blir trigga av dette, eg blir frustrert. Kjenner at eg vil ha resultat raskt, og ikkje kaste vekk verdifull tid. Livet er for kort til å høyre dårleg musikk, lese dårlege bøker, sjå dårlege filmar / fotballkampar, for kort til å eksperimentere etc etc.
Ole Mørkved skrev:
FrodeSy, hvordan får du til 77% utbytte? Jeg har gjort noen grep med mesketid, og knusing av malt, øket utbytte fra litt over 60% til 70-72%.
Har kverna malten min hjå ein kamerat som har arva ei gamal kvern som har vore brukt til maltknusing i generasjonar i bygda, men eg har ikkje målt avstand mellom dei to valsene.
Elles så har eg sirkulert vørteren manuelt gjennom heile mesketida, ikkje kontinuerleg, men hatt litt over 5 minutts pause mellom kvar sirkulering. Dessutan har eg rørt i mesken dei første 45 minutta, ikkje siste tida slik at eg får (relativt) klar og fin vørter. Dette har medført at eg:
a) har måtte hatt stort fokus på mesketemperaturen som eg trur har gått
litt mykje EDIT: noko opp og ned, spesielt nede ved varmeelementet der eg har opplevd at temperaturen i eitt tilfelle var over 75 grader (huff) og
b) har brukt ein del tid som eg burde bruke til å førebu resten av brygginga.
Eg har difor i frustrasjon vurdert om eg skal selge BB'en, men har kome til at eg alt i alt brukar mindre tid med denne enn eg gjer om eg skal meske i eige kar (har to gjæringskar der det inste er perforert). Har dog i dag bestilt meg ny vørterkjøler for å prøve å få ned bryggetida enno meir. Eg kjem tilbake seinare til kor lang tid eg brukar på kjøling med medfølgande kjøler og kor lang tid eg brukar med den nye kjøleren.
Vel, eg trur dette er viktigaste momenta til at eg har hatt 77 % effektivitet ved ein best bitter (og 1.048) og ein imperial porter (og 1.070), men det kan vere eg tek feil.