Etter ein god del søk her og der står eg att med å spørja på det eminente forum: Når begynnar ein å telja dagar og veker på gjærkaka? Eg brukte to pakkar S-04 på eit 1075-øl som gjekk ut til 1025 på nokre få dagar, sidan har det ikkje rikka seg. Hadde forventa 1020, men ølet ligg an til å bli godt, det, og går på flasker ein av dagane. Gjærkaka tenkte eg kunne få tygga på ein porter, sjølv om eg er klar over at eit 1075-øl slit på gjærhelsa. Eit poeng med pitching rates er kor gammal gjæren er. Når begynnar ein å rekna på livet til gjæren? Er det når han er ferdig med den aktuelle gjæringen eller når ein flaskar? Eller? Viss vitaliteten minkar med halvparten for kvar veka så kan vel dette ha litt å seie?