protto's b(r)yggeri

Går litt seint, har ikkje kokt med elementa endå. Ventar på å få tigga på bein på mesketanken. Har bygd skap til alle instrumenta og styringar.
I mellomtida bryggar eg på kjøleboks/induksjons-bryggeriet mitt.
 
Mens eg "ventar" på at eg skal ein gang bli ferdig med 1hl-bryggeriet mitt (jobbar stadig med det...) har eg gått andre vegen og laga meg eit kompaktbryggeri til rundt 20 liter.

"Ølbryggar 20" eller "Øb 20".

Ikkje nødvendigvis fordi eg har behov for det, men eg hadde det meste liggande bortsett frå ein hyttekjele frå Biltema. Men mest av alt fordi eg likar å lage ting...

Frå før hadde eg ein "Rommelsbacher" gryte med innebyggd varmeelement på 2Kw. Denne rommar 27 liter. Tilfeldigheitane ville ha det til at hyttekjelen til Biltema passa oppi der som om den var laga for det. Alt den trengte var ei sil i botnen.
Silplate har eg frå eg kjøpte ei halv plate frå Bjønn, og har brukt berre litt av den til silplate i 1hl-bryggeriet.

Det er altså kjele-i-kjele-prinsippet det baserar seg på med pumpe som resirkulerar vørter under mesking, PID som styrer varmeelementet og PT-100 temperatursensor i veskestraumen for temperaturkontroll.

Fyljande bilder viser korleis eg har modifisert hyttekjelen, tetta holet etter krana og skore ut botnen og hardlodda fast silbotnen. Og korleis eg har modifisert saftkokaren med PID, SSR og så vidare.

Eg har berre eit testbrygg med den og det var eigentleg berre ein testmesk for eg laga ikkje øl av det då eg berre testa med noko gammal malt som eg ikkje vil brygge øl av. 4 kg TF MO. meska i 19 liter vatn. Utan skoling fekk eg 15l vørter med Sg 1,055. Det skulle gi ein effektivitet rundt 68 % eller noko. Utan skoling altså.

Eg vart overaska over kor høg flow eg fekk gjennom den silbotnen. Dette har eg vore veldig spent på iom. eg skal bruke samme til eit mykje større prosjekt. Sila er rustfri plate med "tusenvis" av hol på 2mm. Pumpa, Iwaki MD10 kunne køyrast på nesten full guffe, men då vart det ein liten whirlpool i meskekaret som gjorde at malten bygde seg opp i midten sidan eg berre brukte koparrøyret på bildet og ikkje hadde noko sprinklersystem.

Det einaste eg skal forandre på er litt på røyrdelene. Skal ordne det slik at tempsensoren sit på utsida i ein "T", slik at den stikk akkurat inn i kjelen. Tredje greina av T'en får ein 90grder som går til kuleventilen for avtapningen. Då får eg forhåpentlegvis avlesning på vørteren under oppkok og nedkjøling og.
 

Vedlegg

  • 2012-01-19 21.33.04_resized.jpg
    2012-01-19 21.33.04_resized.jpg
    70,8 KB · Sett: 1.993
  • 2012-01-19 21.34.11_resized.jpg
    2012-01-19 21.34.11_resized.jpg
    81 KB · Sett: 2.024
  • 2012-01-07 20.50.17.jpg
    2012-01-07 20.50.17.jpg
    172,7 KB · Sett: 827
  • 2012-01-08 17.37.29_resized.jpg
    2012-01-08 17.37.29_resized.jpg
    58,2 KB · Sett: 778
  • 2012-01-09 13.16.39_resized.jpg
    2012-01-09 13.16.39_resized.jpg
    80,6 KB · Sett: 822
Slenger opp nokre bilder til (eg veit de likar det like godt som eg gjer):
 

Vedlegg

  • 2012-01-19 21.35.00.jpg
    2012-01-19 21.35.00.jpg
    257 KB · Sett: 815
  • 2012-01-19 21.32.51.jpg
    2012-01-19 21.32.51.jpg
    202,6 KB · Sett: 761
  • 2012-01-13 22.20.28.jpg
    2012-01-13 22.20.28.jpg
    255 KB · Sett: 771
  • 2012-01-08 16.53.48.jpg
    2012-01-08 16.53.48.jpg
    170,8 KB · Sett: 784
Close-up av silbotnen og innvendig i gryta. Kan tydeleg sjå ein spiral i botnen av gryta der varmeelementet ligg.
 

Vedlegg

  • 2012-01-19 23.13.00.jpg
    2012-01-19 23.13.00.jpg
    286,2 KB · Sett: 1.877
  • 2012-01-19 23.13.48.jpg
    2012-01-19 23.13.48.jpg
    203,4 KB · Sett: 1.893
Virkeleg fint bygg  :)
Jeg har puslet med samme tanke som deg med å bygge et minibryggeri....
(jeg er også veldig glad i å bygge ting) vet ikke hva sykdommen heter, men eneste kuren er å lage noe  ;D
Hvor har du fått tak i plata til silbunnen?
 
magne1972 skrev:
Virkeleg fint bygg  :)
Jeg har puslet med samme tanke som deg med å bygge et minibryggeri....
(jeg er også veldig glad i å bygge ting) vet ikke hva sykdommen heter, men eneste kuren er å lage noe  ;D
Hvor har du fått tak i plata til silbunnen?
Det var Bjønn på forumet her som skaffa seg ei heil plate og eg kjøpte halve plata av han.
Det er mogeleg han fortsatt har igjen ein bit, ellers har eg det om du ikkje treng alt for mykje.

http://norbrygg.no/forum/index.php/topic,5634.0.html
 
Stilig! Og bilder får me ikkje nok av nei  :skitbra: .  Har du forresten fått laga den rustfri kjølaren med 1/2" dim.?
 
Bård skrev:
Kan du også dokumentere temp proben og innfesting av denne i t-en?

Sensoren er av PT-100 typen og er den samme som her: http://www.ebay.com/itm/RTD-PT100-T...28?pt=LH_DefaultDomain_2&hash=item4ab3167aec
T-stykke er ein 1/2" med male gjenger i alle endar. Den mittre har eg maskinert om til ein slangenippel. Sidan probe er så lang har eg forlenga den greina av T'en som proba sit på. Dette er gjort ved å gjenge opp innvendig 1/4" NPT i T'en, sette i ein lang hex-nippel i 1/4" NPT som igjen har fått innvendige M8 gjenger. Ein liten o-ring tredd inn på gjengepartiet på proba gjer at den er tett. Mutteren er tatt av sjølvsagt.

Høyrest kansje overkomplisert ut, men alt er mekka av deler eg hadde liggande.

Har tenkt å montere ein vanleg 1/2" T rett i gjennomføringa i kjelen, sette proba i T'en slik at tuppen på den akkurat stikk inn i kjelen (gjennom heile T'en altså). Siste greina på T'en skal få ein 90° som går over til krana.
Det må fortsatt ein overgang til mellom M8-gjengene på proba og 1/2" NPT til T'en, men det er kurrant å lage av feks. ein 1/2" plugg som blir bora opp og gjenga med M8. 
 
Hmm høres jo kurant ut. Dog blir det fort dyrt om man må kjøpe gjengesett til både tommer og mm for å få det til. Får ønske meg det til bursdagen.  :)
 
Kjem langt med ein M8 tap og 7mm bor (6,8 eigentleg). Gjengetappar for NPT er uansett spesial, og er normalt ikkje med i eit gjengesett.
 
Er dårlig skjult verktøyfetisjist, så betviler sterkt at en enkelt tapp er aktuelt. Blir nok et sett for både innvendige og utvendige gjenger tenker jeg.. :)
 
Den proben protto linket til står oppført med M8 gjenger, så man trenger ikke NPT utsyr for å gjenge opp til den.
Det går dessuten fint å gjenge opp til NPT uten slikt. Vanlige norske rørleggergjenger passer sånn nogenlunde, og med bra gjengeteip blir det tett. Ikke optimalt, men til vårt tilnærmede trykkløse utstyr er det greit nok.
 
Tilbake
Topp