Lars Johan
Norbrygg-medlem
Hei! Eg har no laga meg ein motstraumskjølar som er klar til bruk. Det eg då lurer på er om vørteren skal gå rett i gjæringskaret etter å ha vore gjennom kjølaren, dog visst kjølaren er så effektiv at ønska temperatur er oppnådd? Eller bør vørter gå tilbake til kokekaret til rett temperatur er oppnådd i kokekaret?
Kva med utfellingane ein får ved "cold break", dei vil vel kome med i gjæringskaret om ein går for den første metoden, og vil dette ha noko å seie for ølet.
Og ein liten ting til slutt. Er det nokon som har gode forslag på korleis eg kan filtrere vekk humlerestar og trub frå vørter, før eg køyrer den gjennom kjølaren?
Mvh Lars Johan