Skal sjekke ut autoheverten!
Og takk for tipset med dommerskjemaet, kjempenyttig lesing! Likevel ser eg ikkje heilt feilen vår der, så eg spør her:
Me smaka vår fyrste weissbier(forøvrig batch #2), og opplevde ingen usmakar og ein god karbonering. Men; det var lite generelt smak. Veldig tynn og lite rund, men både lukt og ettersmak var weiss slik me kjenner den. Har dette med meskinga å gjere? Då me brygga gjekk temperaturen ein god del opp og ned, og me fekk sirkulert lite. Ville ølet smaka betre om dette var gjort optimalt, eller kan ha med andre faktorar å gjere?
På det siste brygget vårt vart meskinga veldig god, så me håpar å merke ein markant forskjell.