brygga ein belgisk blond i går og i oppskrifta står det at den bør kjølast til 16 grader før gjæren skal oppi. med 16 grader temperatur ut fra veggen og 20 grader luftemperatur er det ikkje akkurat lett å nå 16. Improviserte med hageslangen i kveil nedi eitt kar med salt isvatn, men gav opp det når isen tinte etter nokre timar og det framleis var 20 grader i gryta. Endte opp med å få vørteren i gjæringskaret og inn i gjæringsskapet. Pitcha i gjær når det nærma seg midnatt og då var temperaturen 19,6 på inkbirden (teipa på utsida av karet bak ein ullsokk.). Den var nede i 16 i dag tidlig når eg sjekka. Kor mykje har det å seie at gjæren var oppi før vørteren var på 16 grader? Den skal opp på 20 grader igjen i løpet av dei neste 4 dagane.